torsdag 14. juni 2012

Fint ferdig + fotball

I dag var det maratondag for meg, med sensur i Ålesund for andre gong denne veka. Tysdag var det berre seks elevar eg skulle vurdere, medan det i dag var heile 11. Faget i dag var norsk, noko eg har lang røynsle med, og eksaminatorane og eg kom raskt på bølgjelengde og var einige om karakterane.

Eg reiste heimanfrå klokka 7 og kom heim litt etter klokka 22, så eg er i bloggande stund mildt sagt gåen.

Storegut hadde spelt kamp og scora eitt av seks mål mot Hødd (som fekk fire), medan Minstemann hadde spelt cup og vunne ein kamp mot Dalsfjord, medan dei tapte til saman tre kampar mot Ørsta og Volda. I morgon skal Veslejenta spele bortekamp mot Ørsta.

EM bryr eg meg ikkje om.

1 kommentar:

  1. Så håper eg du kan senke skuldrane litt. Eg er "overtrent" så eg må ligge på sofaen og lese krim, Lars Kepler; Ildvitnet. Ganske spennande.

    SvarSlett