I dag hadde vi ein måndag utan særleg mykje program. Veslejenta hadde ein avtale med nokre venninner om å ligge i telt i natt, så ho pakka tinga sine og for av garde. Storegut har for det meste halde seg i ballbingen, medan Minstemann og eg har vore på besøk, og fått besøk. Begge delar var veldig koseleg, forresten.
Lenge etter solnedgang og etter at skodda hadde senka seg, fann Gamla ut at ho ville grille i utepeisen. Kanskje hadde det vore ein idé å teste ut patenten på pølser først, men eg heiv meg rett på kotelettane. Sidan det vart litt kaldt og vindfullt på verandaen, fann eg ut at eg skulle flytte møblane bakover på verandaen så dei stod litt lunare til, og så fyrte eg i omnen inne og sette opa verandadøra som "terassevarmar".
På facebook har eg sett fleire gramme seg over mygg, men her var ingen av arten. Om det var vinden eller røyken som jaga vekk myggen, veit eg ikkje, men "vi gutta" kosa oss uansett med ein sein og velsmakande middag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar