
Romanen er verken godt skriven eller på annan måte banebrytande, men eg syntest det var interessant å lese om USA på byrjinga av 1900-talet. Kvifor forfattaren måtte skrive eit par sider om korleis det gjekk med dei overlevande personane i ettertid, forstår eg ikkje heilt, og i alle fall ikkje om korleis det gjekk med borna deira og seinare generasjonar. Noko av handlinga var dessutan litt over grensa for kva eg set pris på av melodrama. Konklusjonen er altså at boka ikkje er noko særleg litterært sett, men at handlinga likevel er interessant på grunn av miljøskildringa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar