- Les nøye over oppgåvene så du er sikker på at du har forstått kva dei inneber
Samanlikn: presentere begge tekstane først, deretter vise kva som er likt og ulikt
Analysere/tolke: finne særtrekk i teksten når det gjeld form og innhald
Sjangrar: essay, artikkel, kåseri
- Vel ei av oppgåvene, les denne ekstra nøye fleire gonger
- Dersom oppgåva inneheld ein tekst som skal analyserast, må du lese denne svært nøye. Det kan vere nyttig å skumlese den først, for deretter å lese nøye gjennom, streke under og notere i margen.
- Bruk anten pc eller eit ark til å skrive ned stikkord og idear du kjem på i farta («idémyldring»). Nokre gonger kan det passe godt med tankekart – andre gonger er det nyttigare med ein punktvis disposisjon av stoffet.
- Sjå på kvart einskild moment med tanke på om du kan seie meir om det, om der finst motargument o.l.
- Skriv ein tekst med utgangspunkt i disposisjonen/tankekartet
- Les nøye gjennom teksten og sjå om der er noko du vil seie meir om, noko som verkar ulogisk eller noko du tek opp fleire gonger.
- Sjekk at oppsettet ser ryddig ut, og at avsnitta er rett markerte.
- Sjekk rettskriving, og sjå spesielt etter ord du har skrive feil i tidlegare tekstar (til dømes og/å, vil/vill).
- Les gjennom teksten ein gong til for å sjå om du kan variere språket meir, bruke meir dekkjande ord eller lage kortare/lengre setningar
Gode råd!
SvarSlettTakk. Eg forfatta råda til elevane mine og limte dei inn her i tilfelle nokon kunne ha nytte av at eg ausa av kunnskapen og røynsla mi :)
SvarSlett