I slekta har vi som tradisjon å ete julemiddag i høve pappa/morfar sin bursdag og farsdag. I år feira vi i tillegg Minstemann, som blir 9 år neste laurdag. Rundt bordet sat besteforeldra, halve gjengen frå Hareid og alle vi minus Eldstejenta, som er på konsert i Oslo.
På menyen stod pinnekjøt, karamellpudding og blautkake, mellom anna, så no sit heile gjengen min relativt sløve framfor tv-en for å sjå andre danse.
Takk for oss til vertskapet, og takk for laget til dei hine gjestene.
Det var ikkje mykje pynt på bordet, men det kom seg då maten kom.
SvarSlett