onsdag 28. november 2012

Bok 79 2012: "Menneske uten hund" av Håkan Nesser

Dette er den første boka i "Barbarotti-serien" til Håkan Nesser. Den er godt komponert og interessant, men eg merkar at eg ofte synest at kriminallitteratur vert unødvendig langdryg.

Ein familie skal ha stor fødselsdagsfeiring like før jul, og i høve dette selskapet samlar dei seg i huset til ekteparet der mannen er jubilant. Natta før selskapet forsvinn sonen deira, og natta etter forsvinn barnebarnet. Gunnar Barbarotti er sentral i oppklaringa av forsvinningane, og vi får sjølvsagt vite ein del om privatlivet hans òg.

Boka kan anbefalast, men den er ikkje skremmande på nokon måte, noko som passar godt når ein for det meste høyrer lydbok på tur ute i mørkret.

4 kommentarer:

  1. Den første boka i serien var den eg likte minst. Som krim betrakta er ikkje desse bøkene så spennande, men eg likar stilen.

    SvarSlett
  2. Godt å se at det er flere enn meg som synes at krim kan bli litt langdrygt. Har tidligere lest mye krim, men i de siste årene er det blitt mindre. Og det er bl a at mange krimbøker varer og varer;.. til jeg blir lei til slutt, og skumleser....

    SvarSlett
  3. Høres bra ut, jeg ikke lest noe av Håkan Nesser, men har "En helt annen historie" stående i bokhyllen. Har du lest den?

    SvarSlett
    Svar
    1. Den held eg på med no - den er bok nummer to i serien, så du bør lese "Menneske uten hund" først!

      Slett