mandag 23. mars 2015

Eldstejenta 22

Eldstejenta som vi kjenner henne: vakker, aktiv og sosial

Gåver frå Mamma
I dag kan vi gratulere Eldstejenta med 22-årsdagen! Dei tre siste åra har ho vore langt borte på bursdagen sin, så det er stor stas at ho får feire heime. Det er i det heile svært godt å ha henne så nær, sjølv om det berre er til låns. Ho skaper liv og røre rundt seg, med friske diskusjonar og mange aktivitetar.

Då ho var lita, styrte ho omgjevnadene i rolleleik. Vi hugsar til dømes korleis ho kommanderte Morfaren til å leike hund og krype rundt på golvet, korleis ho var prinsesse og butikkdame og Mora måtte leike med. Dei første åra var ho mykje saman med vaksne, noko som truleg prega henne til å bli flink til å snakke og verte ein tydeleg leiar. Dette er eigenskapar ho får god bruk for i vaksenlivet både i jobbsamanheng og det politiske livet.

Eldstejenta er lett å bli kjend med og lett å bli glad i. Ho er utruleg sosial og flink til å snakke med alle slags menneske, og ho har sterke meiningar og "meiningars mot". Vi ønskjer henne ein super bursdag og lukke til vidare med jobb og skule.
 

2 kommentarer:

  1. Du må helse Ingeborg og seie at eg kan skrive under på alt du skriv om henne. Eg er berre ikkje så flink å ordlegge meg som du. Gratulerer med dagen til heile familien.

    SvarSlett
  2. Gratulerer!
    Eg hugsar godt dagen ho vart fødd. Eg fylte bensin på bilen og køyrde rett til Ulsteiinvik og kjøpte ein rosa dress!

    SvarSlett