mandag 28. september 2015

Om mine mange - og Tannfeens siste - oppgåver

Søndagen vart ein innhaldsrik dag, men det var lite av det som hende som var verd å fotografere. Gamla fekk unna skulearbeidet tidleg på dag, noko som mellom anna innebar lesing av utkast til noveller og føring av vurderingar av presentasjonar. Deretter kom oppgåva mi fram att, og eg avslutta handsaminga av dei intervjua eg hadde utført fredag og skrive ein del om på laurdag føremiddag. Eg var ikkje lite kry då eg passerte 2500 ord, noko som er helvta av det eg skal ende opp med i utkastet som skal leverast om sju (!) veker. Ingen skippertak her i garden!

Hunden treng mosjon, men eg sjølv var temmeleg lite motivert for turgåing etter at eg også fekk vaska huset. Det vart derfor sykkeltur, der hunden fekk trave raskt medan eg sat og slappa av.

Då ungane kom, skulle Storegut lese til prøve. Det enda med at eg tok frå han boka og prøvde å forklare stoffet etter beste evne. Nokre fordelar må ein få av at mor er lærar.

Midt i prosessen kom Minstemann styrtande med ei tann i handa. Den hadde sprotte ut, påstod han, og det var den siste mjølketanna hans. Optimistisk la han tanna i vatn, og det gjekk opp for meg at dette var den siste tannfellinga i heimen som kjem til å vere så billeg...

Etter at ungane var lagde, las eg ut ei bok eg likte og såg over skulesakene ein siste gong. Tannfeen var innom med ei helsing - det er heilt tydeleg at han ikkje er norsklærar, i alle fall....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar