I 2008 følgde eg Eldstejenta, medan Storegut vart følgd av faren i 2012. No har eg følgt Veslejenta på tur, og det må eg seie var ein særs vellukka tur på mange måtar. Reiseleiaren var ei svært tydeleg og kunnskapsrik dame som vi alle vart glade i frå første stund. Kjemien med dei to andre skulane var god, og alle ungdomane oppførte seg eksemplarisk. Vi var over 70 personar i bussen, noko som kravde sitt, men kjemien fungerte fint mellom dei vaksne òg. Frå Folkestad reiste 14 elevar og 14 vaksne, så vi hadde rikeleg hjelp og vaksentid.
Reisemåla var som sist eg reiste: Auschwitz/Birkenau, Saltgruvene i Krakow, fritid i Krakow, Tropical Islands, Stasifengselet i Berlin, rundtur i Berlin, Sachsenhausen og Ravensbrück. På Kielferja opp att var det country cruise, så vi fekk med oss eit show med Vassendgutane for liksom å toppe det heile.
|
Kort møte med Eldstejenta i Oslo før avreise |
|
Nydeleg solnedgang på Kielferja |
|
Første hotellrom var gigantisk |
|
Auschwitz Birkenau |
|
Sanitærbrakke i Birkenau |
|
Ruinar av eit gasskammer |
|
Utstilling av bilete frå album i bagasjen til jødar som vart drepne i leiren |
|
Huset til kommandant Rudolf Höss midt i biletet |
|
Galgen der Höss vart hengd |
|
Eit rekonstruert gasskammer |
|
Noko av skosamlinga i Auschwitz I |
|
10. klasse |
|
Katedralen nede i saltgruvene i Krakow |
|
På veg opp til Wawelborga i Krakow |
|
12 av dei 14 vaksne |
|
Hest og vogn i Krakow var noko eg hadde drøymt om |
|
Frå den jødiske bydelen, sett frå hestevogna |
|
Litt av bymuren |
|
Shopping |
|
Folkloregruppa |
|
Tropical Islands |
|
East side Gallery |
|
Frå stasifengselet |
|
Stasifengselet |
|
Alexanderplatz |
|
Marx og Engels |
|
Hitlers veranda til venstre |
|
Til minne om brenninga av bøker |
|
Trabantutstilling |
|
Minnesmerke om drepne jødar |
|
Politiske markeringar ved Brandenburger Tor |
|
Minnesmerke over dei drepne politikarane i Weimarrepublikken |
|
Riksdagsbygningen |
|
Samlingsplassen på Kurfürstendamm |
|
Sachsenhausen |
|
Gutane og mennene la ned roser ved minnesmerket over dei norske fangane |
|
Skulptur i Ravensbrück |
|
Skytega¨ngen i Ravensbrück |
|
Rosebedet er planta over ei massegrav |
|
Etter roseseremonien ved Tårenes sjø |
|
Huset til kommandanten, like ved fangeleiren |
|
Førstepremien i kunnskapskvissen på heimveg |
|
|
Bildet med skoa er av ein eller annan grunn det mest gripande. Fine bilde! Og Vassendgutane på Kielferja! Det måtte no vere til ære for sunnmøringane.
SvarSlettDet var heilt tilfeldig at vi tok båten akkurat når det var country cruise, ei heil helg med countrymusikk på båten. Litt festleg klientell, men veldig artig å vere på konsert.
SlettPå meg gjorde familiebilda dei hadde med seg, sterkast inntrykk ...
SvarSlettJa, på meg òg, denne gongen. Første gongen eg var der, var det koffertane som verka sterkast.
Slett