I dag starta årets leseprosjekt for VG1-elevar på Studieførebuande og Musikk/dans/drama. Frå 29. september 2015 til 1. mars 2016 skal elevane få bruke noko tid på skulen til å lese og låne bøker, og så skal dei registrere kor mange sider dei les, og i kva bøker. Nokre av dei kjem til å skrive blogginnlegg òg.
I fjor enda vi med eit aldeles svimlande tal, så det spørs om vi greier å nå like høgt i år. Beste klasse i fjor las over 64000 sider, og VG1-elevane las gjennomsnittleg 1666 sider kvar.
Eg hadde med mi eiga førsteklasse på biblioteket i dag, og mange av dei snakka om bøker dei har lese og lånte bøker dei hadde lyst å lese.
Eg kan legge til at eg hadde halde eit lite innlegg før vi gjekk ned, der eg filosoferte rundt tanken "bibliotek". Som samanlikning brukte eg "tenk om..." og lanserte idéen om skotek, klokkotek, jakkotek osb. Dei lo av det, men poenget mitt var at vi tenkjer for lite over den kongstanken som ligg bak at alle, uansett økonomisk klasse, skal få tilgang til eit uendeleg hav av bøker. Ingen har lansert den same tanken om sko, klokker eller jakker. Nokon har med andre ord sett ein stor verdi og misjon i litteraturen, og dette har skjedd i mange land.
For meg er eit bibliotek som ein gigantisk godtebutikk, der eg kan velje mellom mange freistingar. Eg skulle gjerne hatt tid til å lese enda meir, sjølv om eg truleg les meir enn dei fleste. No vert min misjon framover å få elevane på trua, spesielt dei som ikkje plar lese bøker. Vil dei få sansen viss dei finn den rette boka?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar