|
Min gode, gamle ven |
Systera og svogeren min arrangerer kvart år ein lyrikkfestival i hagen. Eg deltok for første gong i fjor, og i år hadde eg med Bladfyken. vi fekk høyre dikt av Marit Kaldhol og Jan Ove Ulstein, og songar framførte av Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid. I tillegg vart det god prat og bugnande kakefat etterpå. Vêret var ikkje så fantastisk som i fjor, men det var i alle fall opplett. Det var ei triveleg stund, og eg tek gjerne med meg eit par kaker og kjem neste år òg.
Kjekt at de likte dykk! Og takk for kaker!
SvarSlettVermessig er eg glad det ikkje var i dag!
Ja, den tanken har slått meg òg i dag!
Slett