![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhVF9D9JuLnpleTu0R9jF5FeDIFXDHKkU7m1I1rwftNHWGEhRbyKi-NTurVl7ByMsfqcLxq-na9A2R33XoMm1lHdtNXBIZeQ0L53Kc8V9r6xZ8F01EbAtZ3-sZZvV5ofc_DuOeAeV5xHysD/s400/DSC_0269.JPG) |
Her er grøfta ved muren til storebedet |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjWXGMclGISQVEIi3cp9Q5eBoOfkT1Eo3AHbOr9Obk-_vjnlMQP6YJ5pTM0Hhvr_qBG4IwfZV-hnW3lvhYwI5zXvjXUGvv96tjv_V6bo6UvXi6zNhgq_fai8wn58CLdmycVFiKoE5j3pPCx/s320/DSC_0271.JPG) |
Ikkje den mest freistande jobben, men Charlie hjelpte til |
Det ausar ned med regn heile tida, og ein burde kanskje begynne å bygge seg ein ark. I staden har vi kosa oss inne i dag, bortsett frå at Gamla fekk pakke i posten med åtte stauder bestilt frå ein planteskule i Nord-Noreg. Det heile var meir som ein fiks idé eg fekk for eit par veker sidan, då eg irriterte meg over utvalet og prisane på stauder i butikkane i nærområdet. No er det ikkje sikkert dei nyinnkjøpte er stort betre, men eg likar godt å handle på nett... Midt i alt pøsregnet stod eg altså i storebedet mitt og grov. Plantinga vart noko tilfeldig, men eg planta dei i ei rekkefølgje som eg fann på bestillingslista.
Elles kan eg rapportere om at grøfta som Bladfyken grov medan eg spyla berg tidlegare i sommar fungerer svært godt, så oppkjørsla overlever styggevêret.
Her er namna, så eg kan finne dei att neste år:
- Dvergakeleie "Juwel Blau"
- Pinsenellik
- Hundetann
- Forbedret Kinasøte "Borge"
- Ny Plommelwisia "Little Peach"
- Rød Kubjelle
- Stor kubjelle
- Tanatimian
Spennande med nye staudar!
SvarSlettEg har nok hatt nokre av desse.