Skulestart betyr innkjøpsrunde. I tidlegare år betydde det at fire born skulle utstyrast med regnklede, støvlar, barnehagedress, joggeskor m.m. Tidene er endra. Minstemann har blitt noko høgare i sommar, og han begynner dessutan snart på ungdomsskulen. Vi andre "treng" òg nye klede og skor. Og vesker. Og sekkar.
I dag har vi handla og tøysa vekk mykje tid. Planen var å avslutte dagen med kinamat, men kinarestauranten var stengd. det vart derfor pizza for tredje gong denne veka for dei to yngste, men ingen klaga.
Det er veldig rart å ikkje ha nokon å utstyre - anna enn seg sjølv.
SvarSlett