onsdag 12. april 2017

Om kjole og kilo

Etter å ha tråla nokre butikkar både her og der på jakt etter ein ny kjole hadde eg eigentleg tenkt å kjøpe på nett, men så gjekk eg innom ein butikk då eg likevel var i tettbygde strok. Og apropos tettbygd, så har eg gått opp ein del kilo siste par åra, så det er litt vanskeleg å vite kva ein kler og kva storleik ein bør kjøpe. Dette betrudde eg butikkdama då eg hadde fått på meg ein kjole som eg sjølv syntest eg kledde - og ja, eg fiska kanskje etter nokre trøystande ord.

Eg: "Eg har lagt om livsstilen etter at eg begynte å studere"
Dama: "Blir det mykje stillesitjing?"
Eg: "Ja, altfor mykje"
Dama: "Eg trur heller det er alderen. Kor gamal er du?"
Eg: "Eg blir 50 neste år"
Dama: "Ja, du veit, kroppen forandrar seg veldig i den alderen. Det er hormonane som gjer det"
Eg: "Kjeften, Bitch - viss du ikkje har noko pent å seie, nektar eg å handle her, ever!"

(Dette siste tenkte eg stille inni meg, sjølvsagt. Ein har trass alt ein del danning å drage på, i tillegg til dei ekstra kiloa... )

Eg kjøpte kjolen, takka pent for hjelpa (men ikkje for naturfagtimen) og for strake vegen heim for å trøysteete. Ingen grunn til å slanke seg så lenge ein heller kan fornye garderoben!

4 kommentarer:

  1. Utruleg historie. Ønskjer dokke ei riktig god påske!

    SvarSlett
  2. No forventar eg at du legg ut bilde av deg sjølv i den nye kjolen!!!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ventar til eg har funne skor til. Skostorleiken er den same, heldigvis.

      Slett