Denne veka har vi rydda ut jula. Siste post på det programmet var å skifte ut gardinene, og det gjorde vi i dag, etter å ha gått oss ein tur i sur vind på glatte vegar. Blomane får stå til dei sjølvdaudar.
Elles har veka vore prega av studiet mitt, i og med at eg var på første samling torsdag og fredag. Eg har no tenkt ut emne og ei førebels problemstilling, så no er eg klar til å begynne å lese meg opp på teori før forskingsplanen skal leverast om fire veker. Kvardagen er definitivt attende!
Det er kjekt å pynte til jul, men også godt å rydde vekk jula!
SvarSlettJa, det er noko fint med å begynne på eit nytt år òg.
Slett