lørdag 24. november 2018

Minstemann 15 år

Ifølgje han sjølv er han no gamal nok til å betale bot. Om det er stort, veit eg ikkje, men bursdag er no hyggeleg uansett, då. I gåve frå meg fekk han påfyll på kontoen sin, noko som i alle fall er hyggeleg. Minstemann har hatt stor glede av å disponere eigne pengar etter at han vart konfirmert, og då er det viktig med litt etterfylling òg.

Eg heldt ein lang tale til Minstemann då han vart konfirmert, og det hadde ikkje vore problem å skrive dobbelt så langt. Han er ein skrue på mange måtar, og vi har mange gode samtalar om mangt og mykje, spesielt når vi går tur. Sist søndag snakka vi om det å følgje saueflokken. Minstemann sa då:

"Ej vil ikkje vere en sau i en saueflokk. Ikkje en svart sau, engong. Ej vil vere ei geit. Ei blå geit."

Kanskje er han altfor prega av gamle dagars Blåmann?


1 kommentar:

  1. Blå geit? Det svevar noko i bakhovudet mitt -har det noko med treverk å gjere? Kanskje båtbyggarane veit? Du veit at av og til kan det vere blå flekkar itreverk.

    SvarSlett