torsdag 2. juli 2020

27. juni

Laurdagen kom med like vakkert vêr. Vi tok ein tur til butikken, der vi møtte onkel, tante, alle fire søskenborna og fleire andre frå slekta som var samla i høve gravferda. Det ville ha vore svært hyggeleg å møte dei alle saman under litt andre omstende, spesielt dei vi ikkje har sett på tjue år. Då vi kom attende til hyttene, leigde vi båt. Dermed fekk alle seg minst ein tur på sjøen, og det vart i tillegg både badeliv og pølsegrilling denne dagen òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar