torsdag 2. juli 2020

28. juni

Søndag morgon reiste Storegut heimover, sidan han skulle på jobb måndag. Vêret var noko meir grått enn vi no var blitt vane med, så vi nytta dagen til sightseeing. Vi køyrde til kolgrov og Straumen, der vi gjekk inn på kyrkjegarden. Ingen av nevøane mine hadde vore i Solund før, så dei måtte sjå gravene til oldeforeldre og tippoldeforeldre, i tillegg til krigsgravene og gravene til andre i familien. Vi køyrde òg til Trovågen og Kverhella.

Denne dagen laga vi til spekemat med diverse tilbehør til middag, og serveringa skjedde i hytta vår. Det var litt lettare å halde orden der, sidan vi no berre var to personar (i ei hytte med tre soverom, stove og loftstove).

Om kvelden gjekk Minstemann, eg, bror min og hans yngste på tur til Søre Hjønnevåd, til ein stad dei kallar "Utsikten". Vi var der i 21-tida, som var eit par timar for tidleg viss ein ville sjå sola gå ned i havet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar