lørdag 5. desember 2020

Veke 49



Denne veka har vore normalt hektisk. Det har ikkje vore møte på ettermiddag/kveldstid, så på den måten har det vore rolegare enn normalt, men så har det vore opptrapping til heildagsprøvesesongen som tok av fredag. Då hadde tre av klassene mine heildagsprøver - to i engelsk og ei i norsk. Fredagen sprang eg rundt som ein tulling for å svare på spørsmål frå elevar på tre klasserom, lese opp oppgåve for dei som hadde rett til det og kommunikasjon med elevar som sat heime og skreiv på grunn av karantene, symptom og operasjon. Etter lunsj sat eg dessutan vakt, og elevane hadde framleis mange spørsmål og diverse dataproblem. Då eg kom heim, var eg så gåen at det var uaktuelt å begynne å rette på dei om lag 80 elevsvara. Ut på kvelden lasta eg dei ned og la dei i mapper, klar til retting. Det var heller ikkje ei enkel sak, for sjølvsagt hadde ikkje alle fått til å levere på læringsplattforma. Nokre leverte på minnepinne, andre på chat, medan atter andre delte dokument på google.


Laurdag morgon skulle eg sette meg til å rette, men eg fann ikkje roa før eg først for på handletur til Eid og deretter gjekk innover frå Tua til Movatnet. Det var ein nydeleg vinterdag med om lag null grader i lavlandet og to kuldegrader der eg gjekk tur. Sola gjekk ned om lag 15.00, og då var eg attende ved bilen og kunne køyre heim for å starte rettinga. Dei første elevsavara brukte eg grusomt lang tid på, men så fekk eg opp farten og fekk unna ein heil del før eg gav meg for dagen. Måndag får eg inn 25 nye elevsvar, og i alt vert det om lag 50 timar rettingsarbeid. Eg blir ikkje ferdig med alt dette før jul, men eg har som eit håp om at eg skal få ferdig engelsktentamenane. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar