onsdag 16. desember 2020

Bok 96 2020: "Olav Audunssøn 1: Olav Audunssøn gifter seg" av Sigrid Undset


Når ein får ekstra god tid til å lese, er det freistande å begynne på ein serie. Denne gongen valde eg serien om Olav Audunssøn i Hestviken av Sigrid Undset. Eg synest slike gamle klassikarar kan vere tunge å lese på papir, så lydbøker er eit fantastisk alternativ. I tillegg sit eg mykje og stirrar på ein skjerm når eg jobbar, og då er lydbøker veldig kjekt. 

Serien om Olav Audunssøn har eg aldri lese før, og allereie etter den første boka ser eg at dei etiske konfliktane er tydeleg til stades, kanskje enda meir sentralt enn i Kristin Lavransdatter-serien. Det er spennande å lese om middelalderen, og eg ser fram til å lese vidare om korleis det går med Olav og Ingunn.

4 kommentarer:

  1. Den serien har eg lese for 100 år sidan, men eg har vurdert å lese den om att Sigrid Undset går aldri ut på dato. Menneskes hjerter....veit du.

    SvarSlett
  2. Ja, det er noko med det tidlause, men etter mitt syn er karakterane til Undset i overkant sjølvhøgtidelege. Har dei gjort eitt gale val i livet, er dei liksom dømde til eit liv i sjølvbebreiding.

    SvarSlett
  3. Eg las bøkene 3. året på vidaregåande etter å ha lese trilogien om Kristin Lavransdatter. Den las eg om att i vaksen alder. Kanskje eg skal lese desse også?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vere interessant å lese om att bøker ein har likt i yngre år. Sjølv har eg aldri hatt heilt sansen for Undset, fordi karakterane er så sjølvhøgtidelege i all grublinga si, men det er interessant og spennande òg, og lydbøker er lettare å lese enn papirutgåver med gamaldags språk.

      Slett