lørdag 12. desember 2020

Veke 50

Veka begynte ikkje så veldig bra. Eg datt på eit islagt verandagolv og slo bakhovudet skikkeleg søndag kveld, noko som gjorde at eg hadde problem med å få sove. Eg var redd eg hadde hjernerystelse, men det gjekk heldigvis bra. Kroppen elles kjendest mørbanka, men eg hadde ingen andre synlege skadar enn ein blåkul på ein stad som ikkje viser vinterstid.

Veka elles har bestått i å jobbe, rette, hente veslejenta på kaia og prate om kveldane. Ein dag på jobb kjende eg at eg var så sliten at eg var på nippet til anten å begynne å le hysterisk eller å briste i krampegråt. Desember kan kjennast slik i yrket mitt, og denne hausten har vore i overkant travel med over 100% jobb. Det merkast når rettebunkane kjem inn.

Torsdag kveld retta eg ferdig bunke nummer to, og planen var å bruke fredagen og laurdagen til å skrive kommentarar og setje karakterar. 

Fredag skulle eg sitje prøvevakt først, men eg var ferdig med jobben klokka 11.30. Planen var altså å reise heim for å rette meir, men så var Veslejenta fri frå jobb og dermed heime med hunden, så eg tenkte eg heller kunne handle fleire julegåver. Etterpå ramla eg utpå cafékjøret, handla mat og diverse (kan ein rekne parfyme som ei kolonialvare?) og kom ikkje heim før til vanleg tid, 16.00. Der kommanderte eg Veslejenta til å lage middag til oss, og så ramla vi utpå seriekjøret. Rettebunkane gløymde eg visst undervegs, men vi hadde ein avslappande og hyggeleg kveld.

Laurdag køyrde eg Veslejenta på kaia om morgonen, og så tok eg meg ein tur til Eid for å handle meir. Det var mellom anna ein duk eg hadde sett meg ut, og så ville eg ha ein ny kjole sånn til avslutningsføremål. Det er kjekt å ha noko nytt halvbest. Vidare handla eg litt både her og der. Då eg var innom dagens siste butikk, ringde sjefen og fortalde at eg var sett i karantene. No får eg berre håpe at eg ikkje fekk smitta nokon på shoppingrundane mine...


På veg heim stogga eg på Stigedalen/Tua og gjekk innover til Asbjørnhytta. Det hagla med meldingar og telefonar, blant anna frå coronahjelpa, og eg takka for klare svar på spørsmåla mine. Eg skal, kort fortalt, leve mest mogleg isolert fram til neste søndag, uansett testresultat undervegs.

Resten av dagen og kvelden vart ikkje som planlagt. Det vart ein del telefonsnakk, mange meldingar frå fjern og nær og ein heil del tv då Veslejenta kom heim. Retting vart det ikkje noko av i det heile, men no får eg rikeleg med heimetid til denslags. Det blir ikkje noko møte verken av eine eller hin sorten på kveldstid, og jobben lyt eg gjere frå spisebordet. Akkurat det har eg ønskt at vi kunne gjere i heile desember, slik at alle fekk feire jul med sine nære og kjære. Eg får ikkje treffe storeungane før neste søndag, og då må dei kanskje ha med niste. Berre eg ikkje er sjuk, skal eg takle ei veke i isolasjon heilt fint. Tankane går ut til dei seks kollegaene og dei 70 elevane som også er i karantene, men mest av alt til den uheldige eleven som er smitta.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar