søndag 17. januar 2021

Bok 7 2021: "Mellom liv og død" av Joy Fielding


Denne boka tek utgangspunkt i ein marerittaktig situasjon. Ei kvinne er på café med eit par venninner, og på vegen heim blir ho påkøyrd. Vi følgjer kvinna i det ho vaknar til live, men det viser seg at ho er komatøs og ikkje greier verken å snakke eller på anna måte kommunisere med omverda slik at dei forstår at ho er medviten og får med seg alt som blir sagt. Spenninga byggjer seg opp rundt det som blir sagt, og hennar aukande behov for å kommunisere. Det er rett og slett så uhyggeleg at det vert vanskeleg å legge frå seg boka.

Eg trur eg har eit par bøker att av forfattaren, heldigvis, og då skal eg lese noko anna enn krim ei stund. Kriminallitteratur er god underhaldning, men det kan no bli litt einspora i lengda.

4 kommentarer:

  1. Det var denne eg begynte på men la i frå meg. Eg har det så med å sovne når eg les, og så må eg lese om att og om att -og så blir eg lei
    Det kan hende eg tek den att når eg er ferdig med den eg held på med no.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syntest den var veldig spennande, i alle fall. Av og til er det vanskeleg å vite om ei bok er dårleg, eller om ein ikkje har konsentrert seg.

      Slett
  2. Det eg les på senga , må eg ofte lese om att, for eg hugsar det ikkje. Eg begynte på ei ny bok i går, men må nok lese om att i dag. Der er veldig mange bøker av Joy Fielding. Eg likte best dei to første eg las.

    SvarSlett
  3. Eg les denne boka no- og er komen godt i gang.

    SvarSlett