onsdag 13. januar 2021

Heimeskule igjen

Etter to ekstremt travle jobbdagar, med undervisning på in- og utpust, var det i dag (onsdag) igjen tid for heimeskule for mine elevar. Fordelen med heimeskule er å kunne arbeide til seint på kveld, men deretter "avspasere" litt i skuletida. Tysdag kveld arbeidde eg ganske intenst, dermed kunne eg gå ut medan det var sol i dag. Det var siste dagen med Veslejenta heime på ei stund, og ho vart med i Mjeltvika. Det var ein del snø på vegen i dag igjen, og ingen menneskespor i den før vi kom. Det var tungt å gå, men fantastisk å kjenne sola skine. I 14-tida såg vi sola sneide hustaket vårt, så no har vi snart sola på vår side av Kilspollen òg.





Til middag laga eg "julematsuppe" av pinnekjøt, julepølse, kålrabi, potet, gulrot og sellerirot, og det både smakte og gjorde godt med varm suppe i dag.



3 kommentarer:

  1. Kjekt å lese blogginnlegga dine, så veit eg korleis det står til, og har ikkje vore nokon stad på over ei veke, og no kjem lysta til å gå på butikkar etc. Men Marit har fått lovnad på vaksine i februar, så då får kanskje eg også. Held på med mi 4: Joy Fielding-bok, men dei to første eg las var mest spennande. Eg har også lese ferdig boka eg fekk av deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ein kan bli rastlause av mindre. Eg er glad det går mot lysare tider og vår, såpass dagane vert lengre og ein kan vere meir ute.

      Slett
    2. Eg synest ikkje det er så populært med 10 kuldegrader, det er mon i mindre.

      Slett