søndag 11. september 2022

Gamle Strynefjellsvegen

 Laurdag reiste vi av garde tidleg for å kunne få med oss mest mogleg av dagen. Vi hadde planar om å reise til Mårådalen, ein sidedal til gamle Strynefjellsvegen, men valde i staden å køyre nesten heilt fram til hyttefeltet på Grotli og gå ein tur oppover i retning Huguvarden - mest fordi det var mykje skugge i den retninga Mårådalen låg. Turen vår gjekk i ope terreng oppetter ei fjellside, og vi stogga ved ein varde - uansett kva den heiter. Det var svært sparsommeleg med skilting i området, kan eg røpe.

Vi var usikre på om haustfargane hadde kome, og nær Grotli var det nydeleg fargespel og strålande sol. Nærare Stryn var ikkje hausten så langt komen.

Etter den vesle fjellturen køyrde vi attende i retning Stryn og rasta nede ved eitt av dei turkisblå vatna. Der kokte vi oss kaffi på stormkjøken og åt niste innkjøpt i Stryn på veg mot fjellet. Det tok litt tid å få liv i stormkjøkenet, så det vart ikkje suppekoking denne gongen. Kaffi i trekopp 1100 moh er ikkje å kimse av, og vi har hermed fått eit nytt favoritt-turmål!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar