lørdag 4. mars 2023

Vinterferie i Trondheim

To av avleggarane studerer i Trondheim, og det i tillegg er ein triveleg by, vart bartebyen eit naturleg reisemål for vinterferien. Vi reiste oppover med bil og overnatta på Scandic Solsiden, ein svært praktisk stad å vere når ein har bil sidan det var parkering i kjellaren. 

Tysdag kveld kom vi fram, og då vart det middagsdate med Veslejenta på ein restaurant like i nærleiken. Solsiden er ein fin bydel med mange restaurantar, eit lite kjøpesenter rett ved hotellet og til og med eit område med is for skøytegåing.

Onsdag møtte vi både Veslejenta og Storegut ved Rockheim, der vi tilbragte ein del tid. Vi enda opp med å køyre til Tyholttårnet og ete middag der. Det var noko uklart vêr om morgonen, men utsikta frå tårnet var fin. Egon-restauranten i tårnet har god mat og ok meny.

Ny genser til Storegut




Torsdag oppsøkte vi eit museum som var nytt for oss alle, og som var overraskande interessant: Sverresborg. Der var ei innandørs avdeling med utstilte ting frå kvardagslivet til folk, og i tillegg ei utandørs avdeling med ulike hus der ein kunne gå inn og sjå butikkar, apotek og tannlegekontor, til dømes. Ikkje alle husa var opne, men det var rikeleg å sjå både inne og ute. Middagen denne dagen tok vi som buffet på "Sabrura" på Bakklandet, der vi fekk sett ein av stamstadane til Storegut før restauranten opna. 


Snødekte ruinar av Sverres borg








Fredag vart Veslejenta med i Nidarosdomen, i tillegg til to av musea i Erkebispegården. Etterpå tok ho og eg ei lita runde i byen og såg i butikkar, før vi enda opp med å ete middag på same restauranten som vi var på første dagen. Storegut vart med på middagen, og denne kvelden slo vi til med biff. Vi var der tidleg, og var vel eigentleg heldige som fekk bord i det heile. Lokalet var stappfullt då vi gjekk.







Laurdag køyrde vi ned att, denne gongen over Hjerkinn og Romsdalen, for å variere litt. Vel heime venta Minstemann og Svigerdotter, som hadde vore hundevakter. Eg møtte dei faktisk på ferja, då dei hadde vore på Haddal, der Charlie hadde møtt tre hundar i storleiken Bichon Havanaise, Collie og St Bernhard, så han fekk no litt avveksling i ferien han òg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar