tirsdag 25. april 2023

Florø

 Veke 17 gjekk inn i historia som ei svært travel veke på jobb, med fem vikartimar og ein rettebunke på kveldstid. Fredag kom eg heim relativt tidleg, etter ein jobbdag med 21 elevsamtalar og ein film, og då vart eg sittande i ein stol på verandaen i fem timar - først sovande, deretter strikkande.

Laurdag var det siste finevêrsdagen, så då bestemte vi oss for å fare på roadtrip. Turmålet var Florø, der eg aldri har vore i dagslys før (eg måtte overnatte der ein gong på 80-talet, men då var det vinter og mørkt). Vi reiste over nordfjorden ved Stårheim-Isane og køyrde via Svelgen, men på heimveg reiste vi den mykje finare vegen om Førde. Det er lengre, men mykje meir behageleg. Det var dessutan eit poeng å køyre ein runde, ikkje fram og attende.

I Florø vandra vi litt i gatene, før vi fann noko som heiter Lilleåsen. Der ligg ein gamal vasstank som opphavleg var brukt for å få nok trykk på vatnet i sildeoljefabrikkane, men som no var tømd. På området restaurerer dei tanken og lagar ein kulturarena på toppen av åsen. Det var eit flott prosjekt!

Elles inntok vi årets første softis i hovudgata i Florø, men middagen enda vi opp med å ta på kinarestauranten på Eid, før vi tok helgehandelen. 

Eigentleg burde ein ha jobba i hagen eller gjort noko anna nyttig ein slik fridag, men det var ufatteleg godt å kome seg ut og sjå noko nytt og noko anna enn det kvardagen byr på.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar