søndag 11. juni 2023

Bok 18 2023: "Felâtun bey og Râkim efendi" av Ahmet Mithat


Denne kuriositeten av ei bok fekk eg låne av ein kollega. Det er spesielt den dialogiske forteljemåten som gjer denne boka så spesiell. Forlaget skriv: "Felâtun bey og Râkim efendi" (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkim efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar