søndag 13. september 2026

11. september: roadtrip til Stryn

Eg hadde min andre fri-fredag denne hausten, og då passa det godt å fare på tur med mamma. Ho sa det var det same kvar vi for, men så nemnde ho Stryn. Eg begynte å køyre, og då vi kom til Grodås, fann vi ut at vi skulle innom klesbutikken. Vi fann oss noko begge to, og det er no alltid kjekt.

På veg til Stryn køyrde vi innom Sør-Markane, men der var ingen kjende å sjå. I sjølve Stryn vasa vi rundt og såg litt i butikkar, og så enda vi opp på same café som sist, der vi bestilte kyllingkebab. Etter maten var vi eigentleg så mette at vi ikkje gadd meir, men eg køyrde over Krøvelseidet då vi kom til Volda att. Vi er glade i bilturar, og spesielt når ein ikkje greier å gå så langt er det kjekt å kome seg ut og sjå noko anna.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar