mandag 14. januar 2008

Every step you take


Eg har det med å bli hekta. Ein gong var det dataspel, ein annan gong var det ein spesielt vanskeleg kabal. For tida går det i skritt-teljing. Eller, for tida? Bakgrunnen for denne "fema" var ei litt lite romantisk julegåve frå Gubben i jula 2006, så eg har vore hekta ei stund. Julegåva vart øydelagd etter ei stund, men eg kjøpte ny og talde ivrig vidare. Irriterande nok ville den nye ikkje telje skritt i bratte oppoverbakkar, så det var vanskeleg å oppnå dei daglege 10000 skritta som er målsetjinga. I november mista eg heile skritt-teljaren - og saman med den noko av iveren. Ein heil månad lata eg meg på sofaen, gjorde skulearbeid og syntest eg hadde eit hav av tid. Alle stilbunkar var retta då jula kom, noko som er heilt uvanleg. Eit par dagar før jul kjende eg trangen kome - det var ein dimensjon i livet som var borte, og eg mangla eit prosjekt. Ein liten, raud og lekker skritt-teljar vart hekta på linningen. Den nye tel litt rausare enn den eg mista, og samlivet mellom oss er dermed heilt uproblematisk.

2 kommentarer:

  1. Eg bytta inn ein i same merket. Vi hadde aktivitetsdag på skulen. Sat eg ein halv time i matpausen? Neppe... Eg gjekk att og fram til jobb + 1 time og 20 minutt kveldstur. Og kva sa skritteljaren? Jau, eg hadde vore aktiv i 2 timar og 10 minutt. Då leverte eg han inn att og fekk tre par fotballstrømper til dei aktive i familien. Etter nesten 2 år med skritteljar, veit eg kva som skal til. I dag gjekk eg ettermiddagstur til biblioteket.

    SvarSlett
  2. Som tidlegare sagt: det siste ein treng, er ein obsternasig (obsternazi) skritt-teljar. I dag fekk eg eit nytt problem med den vesle raude; han nullstiller seg av seg sjølv! Høyrt slikt? Elles ser eg fram til å telje skritt i London!

    SvarSlett