torsdag 10. januar 2008

Verdas beste jobb vol.2


I dag følgde eg elevane på teater i Ørsta! Stykket vi såg var "Lampedusa" - forfatta av Henning Mankell. Ei muslimsk lesbisk kvinne skal vere med i eit talkshow, og stykket handlar om møtet mellom denne kvinna og talkshowvertinna. Tematikken var både fordommar mot muslimar og etikk i media, og eg hadde inntrykk av at skodespelarane nådde fram til elevane. Mange av elevane har truleg større fordommar mot teater enn mot muslimar.

1 kommentar:

  1. Dei fleste av oss er vel meir i kontakt med muslimar enn med teater. Sånn er det bare.

    SvarSlett