fredag 18. januar 2008

GRATULERER, FJORTISNEVØ


I løpet av det siste om lag tjue åra har eg blitt tante til fem flotte gutar og ei like flott jente. Ein kan ikkje anna enn glede seg over dei friske og kjekke borna som utgjer neste generasjon. I dag er nevø nummer tre fjorten år, og eg helsar så mykje til han! Eit minne som dukkar opp frå då han vart fødd, er at mor hans og eg var på nyttårssal i Bya og gjekk til feil kai då vi skulle ta hurtigbåten heim. Vi fekk sjølvsagt hastverk og måtte springe, og Systa tok dei sju stappfulle posane sine og heldt dei framfor magen når ho sprang så ingen skulle sjå at ho var høggravid og oppførte seg slik. Det vart mykje fliring på veg heim. Han vart dessutan sprek til å springe han som vart fødd eit par veker seinare.

2 kommentarer:

  1. Kanskje han fekk det inn med morsmjølka. Eller var det ein "flying start"?

    SvarSlett
  2. Beina får vel kompensere for hovudet når retningssansen sviktar.

    SvarSlett