Første roman vekk frå nattbordet mitt i 2008 var denne søte detektivromanen av Alexander McCall Smith. Handlinga er lagt til Botswana, der ei kvinne løyser små og store mysterium i lokalmiljøet. Boka har verken stor litterær verdi eller er nokon særleg spennande kriminalroman, men det er interessant å lese litteratur frå andre kulturar.
Eg har lese ei av bøkene i serien. Marit er begeistra for dei. Veldig lett og småkoselig.Avslapping.
SvarSlett