onsdag 23. januar 2008
Fridag 3: når Gubben er vekk,....
Gubben er bortreist med jobben eit par dagar, og då nytta hestane høvet til å stikke av. Vi har nemleg, som om vi ikkje hadde nok å styre med, gåande to islandshestar på garden. Dei er ikkje våre, men dei har vore her 5 - 6 år no. Unge nummer 1 er den som har styrt mest med hestane i tillegg til Gubben, men ho var sjølvsagt på skulen då det vart oppdaga at hest nummer 1 var laus. Unge nummer 2 og eg hadde eit svare strev med å få tak i hestane - den andre stakk sjølvsagt sjølvsagt av midt i prosessen - men etter to timar var hestane under kontroll. Ein dårleg start på fridagen, som elles gjekk med til å bygge trehytte, lese bøker og lage teikningar til pappaen, som (heldigvis) kjem att seint i kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg synest teiknaren har fanga situasjonen!
SvarSlettHo stod i vindauga og studerte medan ho passa veslebroren. Legg merke til blomen - den er eit døme på kunstnarleg fridom.
SvarSlettEg vart mest fascinert at fjella-og av hestane sjølvsagt. BILDET av hestane var veldig fint, reint teknisk også. Trur de har vore heldige med det nye apparatet.
SvarSlettBlomsten viser kjønnet på teiknaren. Hendene er teikna i verdiperspektiv. Dei skal vere viktige i handlinga! (Eg hugsar litt frå barneteikningsanalyseringa på lærarskulen...) Det med blomsten saug eg av eige bryst...
SvarSlett