I dag var vi ein liten tur til Harpefossen, som ligg like utanfor Nordfjordeid. Vi hadde med oss ein kompis av unge nr.2, og dei hadde snøbrett. Gubben, nr. 1 og 3 hadde vanlege slalåmski, og nr. 4 og Mora hadde turski. På Harpefossen er der mange ulike løyper, så eg gjekk meg ein tur medan dei andre styra seg i bakkane. Deilig å vere ute og få ei kjensle av vinter - det har vore mykje fokus på klimaendringar denne vinteren, og vi lyt visst berre nyte årstidene medan dei enno finst.
Det er eg heilt samd i. Men Siv Jensen har enno ikkje heilt forstått...........Eg har som nyttårsforsett å gjere det vesle eg kan for miljøet,men det er vel ikkje så lett å snu på 5-øringen verken for meg eller klimaet!!!?
SvarSlettDe er spreke. Her ser vi ingen snø, og tenker dermed ikkje på ski. E har vore i byen med juniorlaget som han er oppmann på. Elles har H og eg kjøpt kle til han.
SvarSlett