tirsdag 15. januar 2008

La korpset leve!


Vi bur i ei lita bygd, der butikk og skule er blitt lagt ned, og der pendling til andre stader er nødvendig både for små og store. Noko av det vi framleis har, er korpset. Ei lita samling av musikalske idealistar møtest kvar tysdag året rundt, og så poppar dei opp på høgtidsdagar som jul og 17. mai. Gubben hadde ein karrière i Volda skulekorps i sine yngre dagar, og etter at vi flytta hit har han delteke i korpset med både tuba, stortromme og kubjelle - alt etter kva behovet er. Ungar nummer 1 og 2 er òg med i korpset, på barryton og trombone. Det blir vel til at nummer 3 begynner å spele eitt eller anna til hausten ho òg, så då utgjer familien om lag 20 % av korpset. Til slutt går eg sikkert aleine bakarst i 17. maitoget. Alternativet er å begynne å spele sjølv. Dirigenten foreslo ein gong at eg kunne begynne å spele klokkespel, og då sa eg det var greitt viss eg fekk høge, kvite støvlettar, kvitt mini-plisséskjørt og høg hatt med pelskantar (slik var det nemleg mi gamle klassevenninne gjekk kledd då ho spelte klokkespel tidleg på 80-talet). Etter dette har eg ikkje høyrt noko.

2 kommentarer:

  1. Berre vent! Du får nok eit tilbod og då kjem den an på om du er klar til å ta utfordringa.Det er vel ikkje så mykje verre enn å vere "Flammedanserinnen"?

    SvarSlett
  2. Oss (to) vil dei ha med på gamaldans.

    SvarSlett