lørdag 29. mars 2008

Daisy, Daisy


Sist laurdag, som ei siste krampetrekning i høve "barnedåpen", kjøpte vi oss ei liftgardin i det stoffet som gryteklutane på biletet er i. På same butikk hadde dei voksduk med margerittar på, men vi hadde ikkje måla i hovudet, så det fekk vente. Vel heime fann eg fleire ting med margerittar på - til dømes ein koppehandduk frå Ekelund. I næraste familie har vi ein del Ekelundprodukt, for å seie det mildt, og mitt utval inneheldt blant anna også tulipanar, iris, raudkløver og eple. Ikkje rart at her også fanst margerittar, altså. Systera mi hadde dessutan ein gong kjøpt fire lysegrøne telysestakar med margerittar på, og desse hadde eg leita fram som vårteikn. Eg er så glad i den lysegrøne fargen, og den er fin å kombinere med blåfargen på kjøkkenet vårt. No blømer margerittane i kvar ei krå, og eg er litt for glad i høner og kaninar til å skulle fjerne påskepynten slett enno. Minimalisme var aldri noko for meg.

7 kommentarer:

  1. Handduken meiner eg var kjøpt i Gamla Stan for snart tre år sidan. Sei frå om du ser voksduk med solsikker! Vi treng ikkje kjøpe likt denne gongen. Når eg kjøper gåver, tek eg alltid utgangspunkt i kva eg sjølv kunne ønske meg. I går såg eg utruleg mykje fint i cerise.........

    SvarSlett
  2. Solsikker? Sånn apropos namn?

    SvarSlett
  3. Eg har laga mitt brød "Solveigs solsikkebrød" som eit eksempel for elevane. Kling bra! Kjøkengardinene mine er blåruta med gule blomster....

    SvarSlett
  4. Anten så har vi lik smak,eller så er eg fæl til å herme!

    SvarSlett
  5. Ein kan ikkje godt kalle det "herming" når ein kjøper sameleis voksduk utan å vite om kvarandre! No vert ein vel også påvirka av det nye som kjem inn anten ein er klar over det eller ikkje. Årstidene påverkar oss også . Ei venninne av meg kjøper alt ho kjem over med jordbær på, og så dyrkar ho uteliv på altanen heile sommaren. Heile storslekta stikk innom den tida.

    SvarSlett
  6. Margeritter for Margrete -det har eg alltid assosiert, men Solsikker for Solveig har eg ikkje tenkt på før no.Ikkje mange blomster som passar til midt namn, dessverre.
    Kanskje eit oliventre????
    Handdukane de nemner har eg også ei samling av.Mellom anna ein med vårblomster. Skal tru kven eg fekk den av..........

    SvarSlett
  7. Eg kjøpte meg ein ny løpar i same serien for noko sidan,men den har eg ikkje lagt på enno. Den var ekstra lang, og passa derfor godt på buffeten.

    SvarSlett