søndag 9. mars 2008

Leseopplæring


Då eldstejenta var to og eit halvt, kjøpte vi bokstavlotto til henne og trena seint og tidleg. Sommaren før ho begynte på skulen, tok eg henne føre meg og lærte henne å lese. Ho skulle gå i ei stor klasse, og eg var redd læraren ikkje ville få tid nok til henne. Nummer to kunne ingenting då han begynte, for eg vurderte det slik at han trengde noko å bryne seg på. Han skulle gå saman med fem andre, så han fekk rikeleg oppfølging. Det har vore så som så med leselysta til desse to, men vi hugsar godt då nummer to skulle på fotballcup ei helg og pakka med seg tolv faktabøker... Nummer tre fekk nokre bøker om bokstavar (Alf og Bett) før ho begynte på skulen, og plutseleg hadde ho lært seg sjølv å lese. No i helga oppdaga vi at minstemann, som vart fire i november, kan å lese han òg. Han las overskriftene i Dagbladet, som har store, tydelege bokstavar. Om det er trening i barnehagen som har gjort utslaget veit vi ikkje, men vi veit at nummer tre har lese høgt til han i dei "barnslege" Alf og Bett-bøkene. Ho har hatt eit skulefrøkenuttrykk sidan ho vart fødd, og det skulle ikkje forundre meg om ho endar opp som lærar, slik som mesteparten av morsslekta.

3 kommentarer:

  1. Både lærar og elev må vere kjempeflinke! For å sitere vår venn Odd; Når ungane greier å lese overskriftene i Dagbladet, er det på tide å slutte å kjøpe det!

    SvarSlett
  2. Trur så gjerne at nummer tre har eit lærar-gen eller to å skilte med.Men ho har no ein flink bror også! Det er ikkje alltid samsvar mellom lesedugleik og leselyst, dessverre,
    men eg har stor tru på det å lese høgt til ungane.
    Las noko klokt ein dag, hugsar det ikkje ordrett, men det var om lag slik: Vi har berre eitt liv, men den som les får ta del i fleire.
    Lesehesten.

    SvarSlett
  3. I godt vaksen alder, for å seie det pent, har eg fått sansen for eventyr-for vaksne. Det starta kanskje med Isabell Allende, men det var barnemat mot Haruki Murakami:Kafka på stranden t.d.
    Heilt surealistisk og ganske herlig.Lettlesen og vanskelig på same tid.

    SvarSlett