søndag 27. juli 2008

To fantastiske bøker (nr 22 og 23 i år)

Siste veka har eg kosa meg med "Tusen strålende soler", som er enda betre enn "Drageløperen" av same forfattar. Her er det særleg to kvinnelagnader ein får innblikk i, og det fungerer fint sjølv om forfattaren er ein mann. Handlinga er lagd til Afghanistan før, under og etter Taliban, men det er liva til hovudpersonane som står i fokus, ikkje samfunnskunnskapen (som eg kunne ha tenkt meg meir av). Den neste boka eg las var "Mannen som døde som en laks" av Mikael Niemi. Denne romanen handlar òg om oppvekstmiljø og røter, og den bygger òg vidare på ein tidlegare suksessroman ("Populærmusikk fra Vittula"). Niemi vandrar denne gongen over i ein slags kriminalsjanger, men mykje av boka handlar om språket si rolle i kulturen i Pajala. Kanskje litt for mykje, viss ein skal vere litt kritisk. Uansett har eg no lese to bøker som eg kjem til å anbefale i aust og vest og på bloggen med.

2 kommentarer:

  1. Har lese begge desse bøkene. Tusen strålende....var strålande.I Afganistan-perioden min las eg 4 bøker frå dette landet, men den som gjorde sterkast inntrykk var Landet der Gud gråter-ikkje fordi den var best litterært, men fordi den var så "trøsteslaust"tragisk. Mannen som døde....kjem ikkje opp imot Populærmusikk fra Vittula-på nokon måte. Det vart for mykje språk og identitet for meg.

    SvarSlett
  2. Tusen Strålende soler kåra eg til den beste boka eg las i fjor!
    I år leier Mustafa Can si bok om mora hans."Tett inntil dagene"

    SvarSlett