fredag 11. juli 2008

Lang natts ferd mot dag


Laurdag 28. vart Gubben ferdig med slåtten ca 19.00. Eg vaska klede og rydda heile dagen, og i kveldinga spurde eg han om ungane skulle legge seg, eller om vi skulle kjøre om natta. 2.40 tok vi laust heimanfrå, og i 8.30-tida vakna eg - på LOM! Gubben måtte ha seg ein pause, så han låg bak i campingvogna og sov. Vi andre, inkludert to hundar, sov i den neddogga bilen, medan fire busslastar med turistar vandra fram og attende utanfor. Neste stopp: rasteplass ved Otta/Vinstra, der vi åt frokost.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar