tirsdag 15. juli 2008

Nitrist

Dagen begynte med sterk vind, og Gubben måtte ut og feste trampolina betre. Gradestokken har kanskje vist 13 - 14 grader, og det har regna. Langtidsvarselet har vist stabilt møkkaver i fleire dagar framover. Trøysta var at langtidsvarselet var betre der vi har tenkt oss, men så endra dei langtidsvarselet slik at det ser ut til at vi får 15 grader og regn fram til onsdag. No har vi vore innom internett og funne interessante museum vi kan besøke når veret sviktar. Vi skal nok halde ut, berre vi får nokre fine dagar til ein gong før ferien er slutt.

3 kommentarer:

  1. Langtidsvarsel, ja. I fjor sa eg at det skulle vore forbode å melde dårleg ver ei veke framover!

    SvarSlett
  2. Men kva med å melde fint ver om sju dagar og så berre forflytte det framom seg?

    SvarSlett
  3. Eg vil helst ikkje sjå vermeldinga, så har eg i alle fall håpet. Men veret betyr ikkje så mykje når ein har heilårsferie. Det var annleis før!

    SvarSlett