lørdag 12. juli 2008

Campingnaboar





Vi har nokre ex-naboar frå Ulsteinvik som i fleire år har reist med campingbil nedover Europa fire veker om sommaren. Måndag kveld ringde dei Gubben og sa dei kom til Örebro på heimvegen. Slik gjekk det til at vi hadde campingnaboar dei siste dagane i ferien òg, og Gubben og Naboen hadde nokre hektiske timar i badeland saman med ungane. Det øvste biletet viser Naboen og døtrene hans inne i Arboga, ein by som er overrepresentert på bloggane i slekta for tida.

3 kommentarer:

  1. Arboga! Over-representert?
    No har eg snakka om denne spesielle byen i 11 år, men først i år blir den "oppdaga" av resten av slekta. Forresten er det eg som har dei FINASTE bilda av byen.Skal eg legge inn fleire? Det er berre det at det ikkje er folk på dei.

    SvarSlett
  2. Må berre nemne at ein av dei medbragte tenåringane utbraut, då vi gjekk ut av bilane: "Ka vi skal HER?" Dei hadde vel heller kunna tenkt seg enda eit kjøpesenter...

    SvarSlett
  3. Det var befriande å kome til ein by utan kjøpesenter! Vi sag kanskje eit lite, eller var det ein stor butikk?
    Arboga er ein ekte stress-ned-by, ikkje øydelagt av kjøpesenter og biltrafikk.
    Men utanfor dyrebutikken var "plata" deira.

    SvarSlett