mandag 14. juli 2008

Mimring om mormor

På grunn av mangel på scanningsmulegheiter blir det ikkje noko bilete av mormor på bloggen min i dag. Dette betyr ikkje at eg ikkje har tenkt på henne! Eldstejenta og eg bruker å gå tur med hundane ilag, og då snakkar vi mykje om store og små tema. Dei siste dagane har vi snakka ein del om "gamle dagar", og særleg om mormor. I dag er det 104 år sidan ho vart fødd, og 17 år sidan ho døydde. Eg har eit sånt sterkt minne om den siste gongen eg besøkte henne; ei impulshandling fordi Gubben var på jobb og Besta var hos mormor og eg fann ut at eg kunne ta meg ein tur dit. Vi hadde ei svært triveleg stund i eit nydeleg ver. Berre nokre dagar etter kom eg attende til Eid i striregn for å vere i gravferda til mormor. I dag var vi mellom anna på biblioteket, og eldstejenta lånte ei Agatha Christie-bok, etter at eg hadde fortalt at mormor gjerne las slike bøker. Dei som er borte, lever vidare gjennom historiene vi fortel, og eg framstiller mormor slik eg opplevde henne: stillfarande, men med sterke meiningar og haldningar.

1 kommentar:

  1. Hugsar godt den torsdagen du kom på uventa besøk hos mormor.Vi hadde besøk av kusine Ellen Marie. Sidan ho var der, kom også ei anna kusine innom, så det vart ein veldig fin dag for mamma, og for oss andre.Sundagen etterpå døde ho.Ho hadde skrekk for å bli liggande i årevis på ein pleieheim e.l.Det slapp ho.Eg synest det er fint at du fortel borrna om mormora di.

    SvarSlett