fredag 11. juli 2008

Campinglektyre: bok 19, 20 og 21




Eg tel altså bøkene eg les - mest for å sjå kor mange bøker eg les. Når faste lesarar veit at eg går med skritt-teljar det meste av året (ikkje under bunad eller kjole), kan ein begynne å lure på om eg er heilt god. Uansett: det vart ikkje så mykje lesing i og med at vi var så sosiale i Sverige, men eg fekk tid til eit par krimbøker og ei Per Petterson-bok som eg likte godt. Den eg likte minst av desse bøkene, var Lindell si. Eg har lese mykje krim i mi tid, og då må forfattaren skrive godt viss eg skal greie å bli engasjert. Lindell greidde det ikkje denne gongen, men Dan Brown glitra! Boka hans las eg på engelsk for variasjonen si skuld, men eg las den utruleg fort. Merkeleg nok vart eg sugd inn i den noko opplagde handlinga. Datateknologi er ikkje favorittemnet mitt, og boka er skriven etter same lest som "Engler og demoner" og "Da Vinci koden", men likevel hadde denne boka noko.

3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese Lindellboka,L. er for øvrig ikkje min favorittforfattar. Dei andre to bøkene har eg lese. Dan Brown er spennande nok, men denne gongen løyste eg gåta før han.Per Petterson si bok har eg lese to gonger, noko som den toler godt.(Lånte den for 2. gong ved eit feiltak). No er eg så og seie ferdig med den 3. Stieg Larsson.Heldigvis. Likte den minst av dei tre bøkene hans. Det vart liksom for mykje av det meste og for lite om Lisbet Salander. Veit at den har fått terningkast6, men eg tykte den vart langdryg.Kanskje ikkje så godt egna for lydbok? Eller så kan det vere at eg har fått nok krim ?

    SvarSlett
  2. Eg syntest òg at sjølve gåta var opplagd i boka til Dan Brown, for den følgde nokolunde same mønsteret som i dei to andre eg har lese. Likevel meiner eg at det var spennande lesing til siste slutt.

    SvarSlett
  3. Eg har lese alle dei tre kjende Dan Brown-bøkene, og likte best Engler og demoner. At han skriv spennande er det vel ikkje tvil om.

    SvarSlett