Etter at gårsdagen gjekk med til plenklipping og raking (6000 skritt med plenklippar!), var det hardt å halde fram med hagearbeid i dag. Eg gjekk berserk med kantklippar og klipte litt meir plen medan ungane hadde eit hyggeleg gjensyn med naboungane. Noko tid vart brukt på solsenga òg, men det er for varmt å ligge der midt på dag. Til slutt enda eg opp med å koke middag til dei tre yngste og meg sjølv, la att melding til Nummer 1 (som var på besøk med venninne) og Gubben (som var på jobb) om at vi gjekk på setra og så tok vi oss ein tur i Brundalen. Badetemperaturen der skal vere 25 grader no, i følgje naboen. Gubben kom etter med hundane då han var ferdig på jobb.
tirsdag 29. juli 2008
Brundalen

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dette ser berre herlig ut. Min variant er:Solseng med luftmadrass, vifte og vassflaske til dynking av ein overoppheta hjerne.
SvarSlettBrundalen ser ut til å vere ei "perle". Godt at de får ungane ut og bort frå data, spel og TV i fineveret.
SvarSlettEidabesta