fredag 2. januar 2009

Endeleg helg...


Både Gubben og eg var på jobb i dag - for min del var det høgst både frivillig og kortvarig sidan eg hadde jobba så hardt med flytteprosessen før jul og dessutan mangla straum til dataen så eg ikkje fekk gjort det som gjerast skulle. Gullungane hadde passa kvarandre i dag, for første gong ein heil dag, og det hadde gått heilt fint. Nummer 2 og 3 hadde blant anna vore ute på ski saman med naboungane, men Minstemann hadde nekta plent å gå ut saman med Eldstejenta. Han skulle vere inne og bygge Lego, nemleg.

Til middag laga Gubben lutefisk, og av borna var det berre ei som likte det. Heldigvis var der mykje godt tilbehør, som så ofte elles når det gjeld norsk tradisjonsmat; blant anna heimebaka flatbrød som vi fekk i gåve av Kirsten då vi feira nyttår i Ulsteinvik.

3 kommentarer:

  1. Eg vil berre opplyse om at det er tradisjon i vår familie at damene likar lutefisk! Hugsar ein gong for lenge, lenge sidan at mamma, Bodil og eg åt lutefisk i Ålfotehuset, berre vi tre.
    Apropos DAMER-har du sett ein film som heiter noko med "Jane Austen-klubben?"

    SvarSlett
  2. PS: Søk på Jane Austenklubben på Kvasir og sjå kva som skjer!

    SvarSlett
  3. Det er svært lett å legge ut linkar. Elevane fann min blogg så dei studerte Grimstadvatnet...
    Hødd junior var eit anna ord som utløyste link...
    Eg har også vore på jobb i dag. Handla fersk varer m.a.

    SvarSlett