lørdag 17. januar 2009

Finst det verkeleg 13 vinglade damer i denne vesle bygda?



Javisst gjer det det! Fleire også, faktisk. Denne fredagen var vi altså 13 til bords inne på Brauta. Vi fekk servert Lasagne og australske raudvinar, praten gjekk og latteren sat laust. Vertinna fekk overlevert permen til å setje inn informasjon og bilete i - planen er at vi skal sitje på sjukeheimen og mimre om mange, mange år...

13 kommentarer:

  1. Det er viktig med godt naboskap og samhald i ei så lita bygd, så ein vinklubb er vel ikkje det verste ein kan ha?

    SvarSlett
  2. Reint historisk har det vel gått frå foreining til klubb rundt om!
    Målet har vel vore å samlast.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Og foreiningane kom då klyngetuna vart oppløyste, har eg lært.Då kom kvinnene saman i arbeidsfellesskap, for den tida måtte dei "ha noko på hendene".På mange måtar beundrar eg dei "gamle kvinnene", men eg ville ikkja ha bytta med dei.

    SvarSlett
  5. Det har hendt to gonger at nokon har teke med strikketøy på vinklubb, og då unnskylda dei seg veldig og sa dei MÅTTE gjere ferdig eit prosjekt.

    SvarSlett
  6. Ei nabodame som nettopp fylte 90 sa at det var ikkje greit å lese. Ho hadde strikketøyet klart når ho las. Ho elska å lese. Viss nokon kom rett inn, og det gjorde vel folk, rakk ho å gøyme boka, og begynne med nyttige syslar.

    SvarSlett
  7. For meg i min jobb er lesing ein nyttig syssel. Å sjå film er òg nyttig i tydinga "jobbrelatert". Likevel føler ein seg meir vel med å bli "tatt på fersken" når ein bakar, vaskar eller klipper plen...

    SvarSlett
  8. Dette såg veldig kjekt ut, god mat med vin til!! Ha ei fortsatt god helg!

    SvarSlett
  9. Takk det same! Og JA - det var kjempekjekt! Vi møtest om lag ein gong i månaden, og det har vi gjort i over åtte år no.

    SvarSlett
  10. Så koselig det ser ut! Fint å ha slike samlingar:)Vin er jo godt, sjølv om eg blir så fryktelig trøytt av rødvin...

    SvarSlett
  11. Det er godt vi kan lese ei god bok og ta oss eit glas vin med godt samvit. Tidene forandrar seg. Som regel til det betre.

    SvarSlett
  12. Eg må ha vore litt trøytt då eg skreiv innlegget - for det første hadde eg endra talet på deltakarar i vinklubben (eller såg eg dobbelt?) og for det andre fann eg opp ordet "vinglade". Eg ser føre meg at nokre lesarar må ha stussa ein smule, og nokre har kanskje lese "vinglande" i staden? Norsklæraren tek sjølvkritikk, folkens, absolutt!

    SvarSlett
  13. Eg såg ikkje for meg verken vinglande eller sjanglande damer.Men eit slikt ord kan med fordel delast opp med bindestrek.Eg deler alle dei ord eg vil-til privat bruk.I offisielle samanheng skriv eg korrekt.(Trur eg).

    SvarSlett