søndag 4. januar 2009

Årets første skitur


No skal eg ikkje trøytte ut lesarar med altfor mange innlegg med tittelen "årets første..." - eg ser faremomentet i at det kan bikke over i det parodiske - men i dag var vi altså endeleg på ski igjen. I går kjørte dei to eldste og eg over Stigedalen til Eid, og då såg vi løypene ligge der og vente. I dag fekk vi endeleg sjanse til å teste årets snø; veret var flott med sol på fjelltoppane og 13 minusgrader (i alle fall 10 for mange til å kunne setje seg ned og kose seg). Gubben og Minstemann vart ikkje med så langt innover, men vi hine gjekk til Sagesetra og attende. Det er muleg at eg kjøper meg nye vottar i morgon.

3 kommentarer:

  1. Eg har lenge tenkt å skifte over frå leste-til votteproduksjon.Særleg er Nils ivrig på at eg skal lære meg å strikke gammaldagse tova "fiskarvottar", som skal vere det beste av alt i følge friluftsfolk.Så hermed etterlyser eg oppskrift med garnforslag.
    Nils ville ta fram sparken min i dag, men eg var pysete og frostig.Dumt.

    SvarSlett
  2. Hei, og takk for sist! Kjekt at de kom dokke på ski i dag. Vi spaserte berre til og frå Alleen for å ete betasuppe. Synest det er litt for kaldt eg! Eg var litt uforsiktig og sat på golvet og leika med Henning i går, og det gjekk ikkje så bra.... Tunikaen finst faktisk i vokenstørrelse også :-)

    SvarSlett
  3. Ja, det var verkeleg kaldt, men eg hadde lagt godt i omnane før vi reiste, så det gjekk relativt bra. Eg vurderer strikkahanskar inne i vindtette vottar for å halde varmen i fingrane, for det var eigentleg den einaste staden eg fraus.

    SvarSlett