mandag 13. juli 2009

Bok 41 2009: "Den utrolige og sørgelige historien om den troskyldige Eréndira og hennes hjerteløse bestemor" av Gabriel García Márquez

Det tek litt tid og trening å kome inn i den magiske realismen, men når ein først gjer det, er det ein ny litterær dimensjon som opnar seg opp. Novellesamlinga eg no har lese er ei samling av sju tekstar som er frittståande, men som til dels vert knytte saman i den siste, og beste, novella.

I magisk realisme er alt mogleg; her er ein mann med venger, eit hav som luktar av roser og ei bestemor med grønt blod. Midt i alt dette ser ein likevel også her sentrale tema som kjærleik og død.

4 kommentarer:

  1. Dette høyrest ut som om det er noko formeg. Det er denne forfattaren w.har tilrådd meg å lese, men finst han på lydbok?

    SvarSlett
  2. Det kan du no spørre om på biblioteket, eller leite på nettet. Akkurat denne boka er ganske gammal, og ikkje så kjend, men der er fleire som er meir sannsynlege.

    SvarSlett
  3. Har ikkje sett lydbøker her nede, og på Bokkilden er der berre paperbackutgåver.Fann ingen lydbøker på nettet. Men viss bøkene ikkje er for tjukke eller har for små bokstavar, skulle det gå bra med papirutgåva. Får kike neste gong eg er på biblio.

    SvarSlett
  4. Dei to eg har blogga om hittil, er ganske tynne, men eg skal no til påei meir kjend og tjukkare bok av same forfattar.

    SvarSlett