torsdag 16. juli 2009

Ny dødsulukke
























I dag skulle eg vere sprek igjen, og la derfor ut på sykkeltur rundt Austefjorden til Volda. Då eg hadde kome til Ullaland, kom familien etter med bil. Dei hadde ei sjokkmelding til meg om ei ny, tragisk bilulukke med lokale ungdomar involverte. Det er berre ufatteleg trist når slikt skjer, og ein manglar ord. Bygdesamfunnet her har vore hardt ramma denne våren/sommaren - det er den tredje dødsulukka sidan påske, og det har vore ungdomar involverte i alle. Faktisk har så mange som åtte personar frå Ørsta/Volda omkome denne våren/sommaren - alle under 30 år.

Eg fekk tilbod om å sitje på vidare i bil, men sykla resten av vegen òg - mest for å få tid til ettertanke. To av dei som har omkome denne våren har vore tidlegare elevar, og det gjer det ekstra vondt å tenkje på kontrasten mellom liv og død, og på det ufattelege saknet familie og vener må kjenne.

1 kommentar:

  1. Det har vore uvanleg mange bilulykker dei siste månadane, og mange herifrå, som du seier.Tenkte på det då eg såg alderen på den omkomne i dag at det kunne vere ei du kjende.Sjølvsagt er det ekstra trist når det er ungdommar som misser livet, men uansett........

    SvarSlett