onsdag 15. juli 2009

Bok 43 2009: "Tett inntil dagene - fortellingen om min mor" av Mustafa Can


Det er ikkje så mykje originalt ved denne boka, som fortel om den kurdiske familien Cans liv i tyrkiske Kurdistan og i Sverige. Boka problematiserer, som så mange andre innvandrarromanar, kulturell omstilling og generasjonsskilnader. I tillegg møter vi ein eg-person som i vaksen alder vert kjend med foreldra sine, og som reflekterer over konsekvensane av utvandringa.

Personleg synest eg det var ei lette å sleppe å lese om vald og tvangsekteskap i ein slik roman. I staden får vi høyre om den tunge lagnaden til mora, som opplever at sju av dei femten borna hennar døyr. Vi får ta del i kloke tankar og kjærlege kjensler, og vi høyrer om hardt arbeid og god arbeidsmoral. Eg-personen er som barn veltilpassa, skuleflink og god til å spele fotball, men slit med skam over ei mor som ikkje kan bake kanelbollar og som går med sjal - noko han ber henne om orsaking for når ho ligg på dødsleiet. I det heile får ein eit positivt inntrykk av den kurdiske familien, og det grensar til å bli noko sentimentalt til tider.

Men vi overlever sentimentalitet viss historia er god nok, gjer vi ikkje?

3 kommentarer:

  1. Det er sjeldan ei bok "går inn i hjartet mitt" som denne boka. Eg kåra den til årets bok i fjor, og inga bok i år har kome opp mot den. Eg synest boka har mange lag. Eg gløymer t.d. ikkje då faren ber om orsaking for å ha tatt dei frå heimlandet. Hans plan heile livet var å reise heim att. Mange fordomar vert utfordra.....
    Synet på materiell rikdom; mora som gav til folk i landsbyen heime. Dette er ei bok alle må lese!

    SvarSlett
  2. Eg likte denne boka, den engasjerte verkelig. Det er viktig å prøve å forstå korleis det er å flytte frå ein kultur til ein annan.Det er også viktig å forstå at innvandrerar ikkje er ei gruppe, men mange einskilde individ.No har vi etter kvart lese mange slike bøker-dette er ei av dei betre, kanskje den beste?

    SvarSlett
  3. Ja, det var mitt poeng òg - fleire bøker og filmar i sjangeren blir noko stereotype, medan denne romanen får fram menneska og lagnadene deira. Eg synest det var eit fint poeng at han drog fram ut- og innvandrarbøkene til Moberg som ein slags historisk parallell.

    SvarSlett